Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Film og video - konsesjon for framvising

Det er ikkje lov å vise film som næring utan løyve frå kommunen.

Tenesteomtale

Framvising av film eller video som næring kan ikkje skje utan konsesjon frå kommunen. Det blir gjeve konsesjon for inntil fem år. Det krevst ikkje kommunal konsesjon for å vise film eller video

  • der det ikkje blir kravd betaling for framvisinga
  • i hotellrom

Kommunen og Medietilsynet har rett til å gjennomføre kontroll med at den konsesjonspliktige verksemda blir drive i samsvar med gjeldande regelverk.

Kriterium/vilkår

Film/video som skal visast fram, må vere registrert i Medietilsynet sitt filmregister på førehand. Film/video som skal visast fram til personar under 18 år, må vere godkjend av Medietilsynet på førehand.

Ein skal føre særskilt rekneskap for avgiftspliktig framvising.

Pris for tenesta

Ein må betale ei avgift til Norsk kino- og filmfond på 2,5 % av bruttoomsetninga.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket ender.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 26.06.2023 15:24