Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Førebuande opplæring for vaksne

Alle vaksne som av ein eller annan grunn manglar grunnskuleopplæring, har rett til å få gratis førebuande opplæring.

Tenesteomtale

Du har ein rett til å få fullført grunnskuleopplæringa. Det kan vere at du manglar eitt eller fleire fag eller berre deler av eit fag. Eller det kan vere at du manglar grunnleggjande kompetanse i lesing, skriving, rekning eller digitale ferdigheiter.
 
Førebuande opplæring skal byggje på den kompetansen du allereie har, og vil ta omsyn til kva du sjølv meiner du treng. Dette blir gjort gjennom ei realkompetansevurdering. Vurderinga vil vere eit grunnlag for å avgjere kva opplæring du treng for å kunne delta i arbeidslivet.

Målgruppe

Vaksne over 18 år.

Kriterium/vilkår

Du må anten vere norsk statsborgar eller ha opphaldsløyve i Noreg for å ha rett til førebuande opplæring for vaksne.
 
Dei som ventar på svar på søknad om opphaldsløyve, har rett til opplæring ut det skuleåret som startar året dei fyller 18.

Pris for tenesta

Førebuande opplæring for vaksne er gratis.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt opplæringslova § 18-2.
 
Sjå opplæringslova kapittel 19 og 20 om korleis opplæringa er organisert.

Ny opplæringslov

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du må sjølv søkje om grunnskuleopplæring. Ta kontakt med kommunen du bur i for informasjon om korleis du søkjer.

Saksbehandling

Før kommunen gjer eit vedtak, vil du bli varsla om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttale deg. Kommunen skal innhente alle nødvendige opplysningar for å avgjere saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalde grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Viss du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held oppe kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 29.05.2024 17:05