Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Individuelt tilrettelagd opplæring

Elevar som ikkje får tilfredsstillande utbytte av ordinær opplæring i skulen, kan få individuelt tilrettelagt opplæring.

Tenesteomtale

Elevar som ikkje når kompetansemåla gjennom vanleg opplæring, kan ha rett til å få individuelt tilrettelagt opplæring (tidlegare spesialundervisning). Akkurat korleis tilrettelagd opplæring blir utforma, avheng av den sakkunnige vurderinga frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og ønska til både elev og foreldre. Tilrettelagd opplæring kan vare i kort eller lang tid, i eitt eller fleire fag.
 
I forkant av avgjerda vil skulen gjere ei fagleg og pedagogisk vurdering av eleven. I tillegg skal PPT gjere ei såkalla sakkunnig vurdering.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt
Opplæringslova kapittel 11.

Forvaltningsloven
Ny opplæringslov

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Individuelt tilrettelagd opplæring er ikkje noko du kan søkje om. Som regel vil skulen sjølv ta initiativ til ei sakkunnig vurdering og vil ta kontakt med foreldra i forkant. Det er også fullt mogleg for foreldre å ta kontakt med skulen og be om at skulen i eit enkeltvedtak tek stilling til om eleven har rett til individuell tilrettelegging eller ikkje.
 
Den sakkunnige vurderinga som PP-tenesta gjer, vil handle om
 
  • utbyttet til eleven av opplæringa
  • kvifor eleven ikkje har tilfredsstillande utbytte av vanleg opplæring
  • kva som er realistiske opplæringsmål
  • kva tiltak som vil gi tilfredsstillande utbytte av opplæringa
  • kva kompetanse dei som skal gi opplæringa bør ha
Elevar som får innvilga rett til individuelt tilrettelagd opplæring, vil også få ein individuell opplæringsplan, ein såkalla IOP. Planen vil beskrive mål for og innhaldet i opplæringa, og korleis ho skal givast.

Saksbehandling

Før skulen gjer eit vedtak, vil du bli varsla om at skulen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttale deg. Skulen skal innhente alle nødvendige opplysningar for å avgjere saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalde grunngivinga til skulen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.

Saksbehandlingstid

Skulen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Viss du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held oppe kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 29.05.2024 17:07