Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Landbrukseigedom - deling

Å dele ein eigedom betyr å endre grensene til eigedomen. Dersom eigedomen blir brukt eller kan brukt til jordbruk eller skogbruk, må du søkje kommunen om godkjenning. 

Tenesteomtale

Ein eigedom som kan brukast til jord- eller skogbruk og gi grunnlag for lønnsam drift, kan ikkje delast utan samtykkje. 
 
Dette gjeld både når eit areal blir fysisk delt frå ein eigedom, og ved forpakting, tomtefeste og anna leige eller bruksrett som gjeld for meir enn 10 år. 
 
Delingsvedtaket gjeld også for eigedom som består av fleire gards- og bruksnummer, forutsett at dei utgjer ei driftseining.

Målgruppe

Dei som har grunnboksheimel til landbrukseigedom eller kan dokumentere ein privatrettsleg rett til eigedommen

Kriterium/vilkår

Kommunen kan gje samtykke til deling dersom delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket.

Ein skal da vurdere

  • om omsynet til vern av arealressursane blir sikra
  • om det er ei driftsmessig god løysing
  • om det kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området


Ein kan òg leggje vekt på andre omsyn dersom dei fell inn under føremålet med jordlova.
Sjølv om desse landbruksomsyna ikkje talar for deling, kan ein likevel tillate deling dersom det er naudsynt av omsyn til busetjinga i området.

Pris for tenesta

Kommunen kan krevje eit gebyr for behandling av søknaden.

Lover

Sjå spesielt jordlova § 9 Bruk av dyrka og dyrkbar jord og § 12 Deling.

Jordlova
Forvaltningsloven
Forskrift om gebyr for konsesjonsbehandling m.m.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du må søkje om å få dele landbrukseigedommen. Søknaden sender du til kommunen der eigedommen ligg. Gjer greie for eigedommen og plasseringa til det arealet du søkjer om å dele av.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er naudsynte for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur du blir misnøgd med vedtaket. Følgjer ikkje grunngjevinga med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om grunnen til det med opplysning om når ein meiner at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Du kan klage dersom du er misnøgd med vedtaket. Fristen er tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tjenesten oppdatert: 09.06.2022 11:09