Før barnet begynner i fyrste klasse bør du som forelder/føresett ta kontakt med den framtidige skulen tidlegast mogeleg for å orientere om at barnet ditt skal begynne i 1. klasse. Skulen pliktar å gi eit likeverdig tilbod, men det er ikkje nødvendig med søknad og det fattast ikkje noko enkeltvedtak frå skulen si side.
Dersom eleven får tilbod om teiknspråk som språk i opplæringa, vil det skje etter ei vurdering gjort av PP-tenesta, ei såkalla sakkunnig vurdering. I så fall fattast eit enkeltvedtak, som også gir rett til å klage.
Dersom eleven eller foreldre meiner at skulen må gjere meir for å få det psykososiale miljøet rundt eleven til å fungere, kan dykk be skulen om å setje i gong tiltak for å forbetre miljøet. Eit slikt krav skal behandlast etter reglar for enkeltvedtak. Det betyr at når de seier i frå til skulen anten munnleg eller skriftleg, kan dykk forvente svar innan fire veker. Eit enkeltvedtak som skulen gjer, utløysar også ein rett til å klage dersom du er misfornøgd med vedtaket.