Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Opplæring i bokmål og nynorsk

Bokmål og nynorsk er likeverdige som nasjonale hovudspråk i Noreg. Alle elevar i grunnskulen skal ha opplæring i bokmål og nynorsk.
 
Kommunar gjer eit språkvedtak og avgjer om kommunen skal ha bokmål eller nynorsk som hovudmål, eller om dei skal vere nøytrale. Det finst rettar for elevar som har eit anna hovudmål enn det som kommunen har valt.

Tenesteomtale

Alle elevar skal ha opplæring i bokmål og nynorsk. Det vil vere nokre unntak frå denne regelen, dersom ein elev har eit anna skriftspråk enn norsk.
 
Går du på skule i ein nynorskkommune?
Frå 1. til 7. trinn skal du bruke nynorsk i det skriftlege arbeidet på skulen. Men foreldra dine kan velje at læremidla skal vere på bokmål.
 
Frå og med 8. trinn kan du sjølv velje om du vil bruke nynorsk eller bokmål i det skriftlege arbeidet og at læremidla dine skal vere på bokmål.
 
Viss de er 10 eller fleire elevar på 1. til 10. trinn som ønskjer å bruke bokmål som skriftspråk, kan de krevje å få opplæringa på bokmål i ei eiga gruppe.
 
Går du på skule i ein bokmålskommune?
Frå 1. til 7. trinn skal du bruke bokmål i det skriftlege arbeidet på skulen. Men foreldra dine kan velje at læremidla skal vere på nynorsk.
 
Frå og med 8. trinn kan du sjølv velje om du vil bruke bokmål eller nynorsk i det skriftlege arbeidet og at læremidla dine skal vere på nynorsk.
 
Viss de er 10 eller fleire elevar i 1. til 10. trinn som ønskjer å bruke nynorsk som skriftspråk, kan de krevje å få opplæringa på nynorsk i ei eiga gruppe.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt
Språklova
Opplæringslova § 3-1 og § 2-1.

Språklova
Ny opplæringslov

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Retten til å velje hovudmålet sitt og retten til å få opplæring i eiga gruppe er ein generell rett som du ikkje treng å søkje om. Meld frå til rektor at du ønskjer å få læremidla på ei anna målform enn det vedtekne hovudmålet til kommunen.

Høve til å klage

Skulen fattar ikkje enkeltvedtak i samband med tilrettelegging for bokmål/nynorsk. Det er derfor ingen formelle klagemoglegheiter. Viss du meiner du ikkje får oppfylt rettane dine til målform, kan du kontakte leiinga i skulen.

Tjenesten oppdatert: 29.05.2024 17:09