Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Rett og plikt til grunnskule

Barn har rett til å gå på skule frå det året dei fyller seks år og fram til dei har avslutta 10. trinn.

Tenesteomtale

Barn har rett til å gå på skule frå det året dei fyller seks år. Foreldre har samtidig ei plikt til å ta imot grunnskuleopplæring for barnet. Opplæringa kan gjerast på ein offentleg skule, ein privat skule eller gjennom privat opplæring i heimen.
 
For barn som kjem frå andre land, gjeld skuleretten dersom det er truleg at barnet skal bli i landet i meir enn tre månader. I så fall skal barnet få tilbod om skuleplass seinast innan ein månad etter framkomst til Noreg.
 
For barn som kjem frå andre land, gjeld skuleplikta når barnet har vore i Noreg i tre månader. Viss barnet er utanlands i tre månader, fell plikta bort.

Målgruppe

Barn i grunnskulealder, frå 1. til 10. trinn.

Pris for tenesta

Grunnskulen er gratis. Det vil seie at foreldre ikkje skal betale for opplæringa, opplæringsmateriell, transport i skuletida eller skuleturar.
 
Det er nokre utgifter som foreldra sjølv må dekkje. Dei er:
  • matpakke eller utgifter som eleven har til mat i skuletida.
  • gymtøy og utetøy
  • ugifter til internett heime.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt
Opplæringslova § 2-1, § 2-2 og § 2-5.

Ny opplæringslov

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Det er foreldra til barnet som har ansvaret for at barnet får den grunnskuleopplæringa ho har rett og plikt til.
 
Det er kommunen som har ansvaret for at alle barn som er busette i kommunen får oppfylt retten til offentleg grunnskuleopplæring.

Tjenesten oppdatert: 29.05.2024 17:12