Viss du som forelder er bekymra for at barnet ditt ikkje får godt nok utbytte av opplæringa, kan du krevje at skulen undersøkjer om barnet treng spesialundervisning.
Spesialundervisning er eit tilbod skulen har for elevar som treng noko anna enn den vanlege undervisinga. Spesialundervisning er ein rett, men det må gjerast ei fagleg vurdering før retten inntrer. Det er den pedagogiske-psykologiske tenesta som gjer den faglege vurderinga.
Spesialundervisning kan til dømes vere at eleven jobbar etter andre læringsmål enn andre elevar, at ein lærer eller assistent følgjer opp eleven i klassa eller at eleven får særskilt tilpassa utstyr.